På Løå

På Løå kan du ha ein triveleg dag/ kveld, feire bursdagsselskap, kanskje overraske nokon med vennekveld, kjærastekveld eller holde eit møte/ kurs.
Om de ønsker mat under opphaldet, er det er plass til 12 personer til bords på Løå.
De kan bestille thaibuffet frå Meaw `s Thaimat gjennom meg. De kan velge mellom 3 rettar.
Menyen finn de her.
Løå stenger kl 00.00 eller etter avtale.

Valg du har for ein velvære dag/ kveld:
Rygg og nakke massasje
Fotmassasje
Refleksologibehandling
Øyrerefleksologi
Fotbad
Infrarød badstue
Grønnleirebehandling i ansikt
Boblebad ute (maks 6 personer)

I tillegg har eg gode samarbeidspartnerar som eg får med meg etter behov og etterspørsel, og då kan me tilby:
Aromatouch behandling (Urteloftet), Aromaterapi/ rygg nakke (Karen/ Gaia) og Healing (Kvardagsro)